<< tilbake til antropologi i nyhetene

KOPI! Teksten er blitt fjernet


Forskings-Noreg s�kjer seg fr� forstanden

Kvart �r brukar dei beste hovuda i Noreg hundrevis av �rsverk p� � skrive og evaluere s�knader om forsk-ingsmidlar. Dei fleste f�r nei. Ingen veit kva dette enorme apparatet kostar samfunnet.

Per Anders Todal, Dag og Tid 41/2004

Det kan i utgangspunktet lyde som eit fornuftig prinsipp, det som s� mykje av norsk forsking blir styrt etter: Ved � late forskarane konkurrere om forskingspengane � anten dei kjem fr� Forskingsr�det, EU eller andre kjelder � kan ein sikre at berre dei beste prosjekta f�r pengar, og ein f�r meir styring med kva slag forsking det skal satsast p�. Men ved n�rare ettersyn er det kanskje ikkje s� lurt likevel. For det � skrive desse s�knadene er sv�rt arbeidskrevjande, det er av den dyrebare tida til dei best utdanna menneska i landet � og dei fleste f�r avslag. I 2003 fekk til d�mes Forskingsr�det inn 5518 s�knader, og 1880 � litt over ein tredjedel � vart innvilga. Det er �g eit stort arbeid � evaluere s�knader om forskingspengar, og det skal gjerast i den dyrebare arbeidstida til dei beste fagfolka p� feltet.

Verst er kanskje stoda for unge doktorgradskandidatar, som m� s�kje seg fr� det eine mellombels engasjementet til det andre. Faste forskarstillingar er berre ein fjern draum for dei fleste. Kanskje f�r dei eitt eller to postdoktorstipend p� to-tre �r, kanskje ikkje. Uansett f�r dei neppe fast arbeid p� noko universitet dei f�rste ti �ra etter doktorgraden. Men dei blir veldig flinke til � skrive s�knader.

I ei tid da alle sider av norsk forsking skal evaluerast i st�rste detalj, er kanskje det mest forbl�ffande dette: Ingen veit kor mykje alt s�knads- og evalueringsarbeidet kostar samfunnet i form av arbeidstid og pengar. Om nokon skulle kunne svare p� dette, m�tte det vere NIFU, Norsk institutt for studier av forskning og utdanning. Men dei veit ikkje svaret.
� Eg kjenner ikkje til nokon tal p� dette omr�det, seier NIFU- forskar Ingvild Marheim Larsen.
� Men det er jo ganske opplagt at det skjuler seg meir tid brukt til s�knadsskriving bak dei aukande eksterne midlane ved universiteta og h�gskulane.

� D�rleg ressursutnytting

� Dette systemet er slett ikkje rasjonelt, meiner Kolbj�rn Hagen, leiar i Forskarforbundet.
� N�r berre eit mindretal av s�knadene til Forskingsr�det gjev utteljing, g�r det med mykje arbeidstid til � skrive s�knader som ikkje gjev pengar. Det er ei d�rleg ressursutnytting. Og � s�kje pengar gjennom EU-systemet er ikkje lettare, heller tvert imot. At dette arbeidet kostar mykje tid og pengar, er det ikkje tvil om. Men eg veit ikkje av statistikk som syner kor mykje.
� Men folk har kanskje nytte av s�knadsarbeidet dei har gjort, ogs� med s�knader som blir vraka?
� Eg for min del kan ikkje seie eg har f�tt s�rleg nytte ut av s�knader som ikkje fekk utteljing. Ein f�r heller ikkje mykje tilbakemelding p� kva som var gale med s�knaden, berre ei melding om at �vi hadde avgrensa midlar�. Det er lite produktivt, seier Hagen.
� Det m� vel vere ei kvalitetssikring av forskinga?
� Sj�lvsagt. Men Forskingsr�det innr�mmer �g at dei avsl�r veldig mange gode s�knader. Det � lage ein god s�knad om forskingsmidlar til EU eller Forskingsr�det er ein kjempejobb. Dei aller fleste forskarar eg snakkar med, brukar mykje tid p� dette. N�r ein er kvalifisert til � bli forskar, burde ein i det minste ha krav p� eit minimum av finansiering som ein ikkje treng � konkurrere om. Det finst altfor lite pengar som institutta kan disponere sj�lve.
� Denne konkurransen er vel tenkt � stimulere til kvalitet og produktivitet?
� Ja, men n�r s� lite blir innvilga, fungerer det ikkje slik. Det er eit paradoks at s� mykje arbeid blir brukt p� noko som ikkje er produktivt i det heile.
� Korleis har vi kome hit, da?
� Over tid har vi hatt ei gradvis utvikling mot meir konkurranse. Det er greitt med konkurranse om kvalitet blir l�nna. Men n�r mange gode s�knader blir vraka, er det noko gale.
� Det verkar paradoksalt at ein ikkje veit kva desse s�knadsprosessane kostar, n�r s� mykje anna skal m�last og evaluerast?
� N�r tidsbruken til � skaffe midlar tek slik overhand som no, burde ein vite kva det kostar. Og erfarne forskarar brukar dessutan veldig mykje tid til vurdere og rangere s�knadene. Dette blir ein l�ynd kostnad for samfunnet. Og systemet skaper stor frustrasjon, n�r folk f�r avslag etter avslag. Det er eit d�rleg utgangspunkt for kreativitet og forsking. Frustrasjonen er �g ein l�ynd kostnad: Folk kjenner seg ikkje verdsette, seier Hagen.

Taper talent

S� er det sp�rsm�let om dei nyutdanna doktorgradskandidatane. Etter doktorgraden kan dei s�kje om postdoktorstipend p� to-tre �r, men det er slett ikkje nok slike stipend til alle. Mange blir g�ande i �revis med lausarbeid p� ulike prosjekt, ei kontinuerleg s�king fr� �r til �r, f�r dei som 40-�ringar kanskje er s� heldige � f� ei fast stilling.
� Denne situasjonen blir enda verre med den nye universitetslova, som opnar for enda meir mellombels tilsetjing p� prosjekt. No kan folk g� i mellombels arbeid i opptil 12 �r etter postdoktorstipendet, seier Kolbj�rn Hagen.
� F�rst l�t ein dei beste studentane f� ei forskarutdanning, s� m� dei bruke mykje tid p� � konkurrere med kvarandre i staden for � drive med det dei burde.
� P�verkar dette yrkesvalet til folk etter doktorgraden?
� Det er klart. Det er altfor f� postdoktorstipend til nye doktorgradar. Samstundes skjer ei forgubbing i fagmilj�a. Folk som vi har bruk for om f� �r, f�r ikkje brukt evnene sine til � forske p� det dei er opptekne av. Difor forl�t mange av dei forskinga for godt.
� Forsking burde vel vere eit felt der ein tenkte langsiktig?
� Det er veldig viktig. Til ein viss grad har styresmaktene innsett det, og oppretta ein del senter for framifr� forsking. Men der er det eit forsvinnande lite mindretal som f�r jobb.
� Er det rett og slett for mange som tek doktorgraden, sidan systemet ikkje har plass til alle?
� Vi har ikkje for mange doktorgradskandidatar. Tvert om, vi treng � utdanne fleire enn i dag. Men det er for lite pengar i systemet til � ta imot dei, seier Kolbj�rn Hagen.



� Eg trur systemet er rasjonelt

� Det g�r nok nokre timar til kvar s�knad, seier assisterande direkt�r i Forskingsr�det, Svein Erik H�st. Men tal har han ikkje.

H�st kan ikkje svare p� kor mykje tid og pengar s�knadssystemet kostar � ikkje eingong kostnadene internt i Forskingsr�det.

� Vi har ikkje intern timef�ring p� dette. Men ei evaluering av Forskingsr�det syner at vi kjem godt ut av det internasjonalt. Om ein samanliknar budsjettet v�rt med talet p� s�knader vi behandlar, framst�r vi som ein effektiv organisasjon.

� Har de tal p� kostnadene ved � f� fagekspertar til � vurdere s�knadene?
� Nei, det blir i s� fall r�tipping. Fagekspertane er s� ulike, i kor mykje tid dei brukar og kor grundige dei er, og s�knadene er s� ulike. Eg veit ikkje om det finst nokon tommelfingerregel. Men det m� vel g� nokre timar til kvar s�knad.

� Dette er usynlege utgifter?
� Det kan du kanskje seie, ja.

� Og du vil ikkje tippe p� kor mykje tid som blir brukt til s�king og evaluering p� landsbasis?
� Nei, det blir meiningslaust. Det er i alle fall umogleg � seie kor mykje tid som g�r med til s�knadsarbeidet.

� Dette finansieringssystemet skaper mykje frustrasjon blant forskarane?
� Ja, mange klagar sterkt over det. Samstundes er det mange forskarar som �nskjer seg fleire forskingsr�d � s�kje til, og da blir det jo enda meir s�knadsskriving.

� Med all tida som g�r med til s�king og evaluering: Er dette systemet rasjonelt?
� Eg trur det er rasjonelt. Men det kan nok gjerast enda meir effektivt. Vi kan bli flinkare til � informere om pengar som er tilgjengeleg, og om dei faglege avgrensingane til programma, s� folk unng�r � sende s�knader som er irrelevante. Men ein kan ikkje hindre folk i � pr�ve seg, heller. M�let er � skape ein konkurransearena der dei beste prosjekta blir finansierte.

� Er det ikkje eit paradoks at kostnadene ved dette systemet ikkje er kjende, i ei tid der alle sider av forskinga blir m�lt og evaluert?
� Ja, nei, eg veit ikkje det. Eg veit til d�mes ikkje om det er veldig meiningsfylt � f�re detaljerte timelister over kor mykje tid vi i Forskingsr�det brukar p� s�knadene. Men hovudkostnaden ligg nok utanfor Forskingsr�det, i s�knadsarbeidet og hos ekspertane som vurderer s�knadene. Dei �rsverka v�re 300 tilsette brukar p� s�knadsbehandlinga blir nok lite i samanlikning.



� Det er mykje f�fengt arbeid

� Den enorme evalueringa, kontrollen og rapporteringa stel veldig mykje tid. Eg er ikkje sikker p� at denne ressursbruken er s� fornuftig, seier statsvitar Stein Kuhnle.

� Ja, dette er eit godt tema, seier Stein Kuhnle, professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen, n�r Dag og Tid presenterer emnet. Kuhnle har lang erfaring med s�knads- og evalueringsmaskineriet fr� ei rekkje store prosjekt, b�de som s�kjar og evaluerar.

� Eg har ikkje finrekna p� min eigen tidsbruk p� dette, men det g�r utan tvil mykje tid med � til s�knader, rapportering og evaluering. Ein svensk professor sa til meg at han brukte omtrent eit m�nadsverk i �ret p� slikt arbeid. Om alle gjer det, blir det sv�rt mykje til saman.

� Men dette er kostnader som ikkje synest som ein budsjettpost?
� Nei, det dukkar ikkje opp nokon stad. Og det er mykje f�fengt arbeid, fordi mange s�knader f�r avslag. Det er eit kolossalt apparat, og vi burde absolutt hatt data som synte kostnadene, seier Kuhnle.

� Det finst mykje frustrasjon over dette, b�de i Noreg og i andre land. � skaffe midlar gjennom EU-systemet krev kolossalt med krefter, det n�lauget er enda trongare enn Forskingsr�det sitt. Det er framleis mogleg � lage mindre prosjekt innanfor universiteta, men presset aukar for � skaffe pengane utanfr�. Vi skal heile tida tenkje �stort�, men det er jo ikkje alle som skal byggje ein Airbus.

� Er dette finansieringssystemet rasjonelt, synest du?
� Eg kunne nok ha tenkt meg eit enklare system. Ei evaluering b�r det sj�lvsagt vere. Men den enorme evalueringa, kontrollen og rapporteringa stel veldig mykje tid. Eg er ikkje sikker p� at denne ressursbruken er s� fornuftig, samfunns�konomisk sett.

� Kvifor har vi f�tt eit system som s� mange forskarar er misn�gde med?
� Det er sterke krefter som meiner ein m� ha kontroll med kva det skal forskast p�. Det er i og for seg forst�eleg, det handlar om store summar. Men kva som er mest samfunnsnyttig, er ikkje noko enkelt reknestykke.

� Ligg det ein mistillit til forskarane under: �Om dei f�r frie t�ylar, brukar dei tida si p� alt mogleg tull�?
� Eg veit ikkje om det er mistillit, heller. Eg kan ikkje heilt forklare kvifor dette systemet har blitt s� stort. Men det ligg nok ein slags marknadstankegang i det, der ein skal konkurrere om alt.

� Etter doktorgraden m� dei fleste s�kje seg fr� prosjekt til prosjekt i �revis. Kva f�lgjer f�r det?
� Det skaper stor uvisse, og det g�r ut over rekrutteringa. Du skal ha stor tru p� deg sj�lv for � satse p� ein forskingskarriere. Vi har problem med � tiltrekkje oss dei beste, n�r det er s� usikkert om dei f�r forske p� det dei vil. Vi som byrja � forske p� 70-talet, var privilegerte, og fekk stort sett velje tema ut fr� faglege interesser. Noko interessant og nyttig har det vel kome ut av det �g, seier Stein Kuhnle.

� Dag og Tid







<< tilbake til antropologi i nyhetene