Æresdrap

Av: Magnus E. Marsdal. Dagsavisen 06.10.2006

Er det ikkje litt herleg, folkens, med desse muslimane som oppfører seg så middelaldersk? Slik at heilnorske Pølse-Hanssen kan ta dei fatt i beste sendetid, rista dei skikkeleg og innprenta for n-te gang at HER I NOREG er det faktisk ikkje lov med kvinnedrap! TV 2s Holmgang handla denne veka om dette. Oddvars oppspel: «Kan vi forlange at innvandrere tilpasser seg norsk kultur, og hvor langt kan vi gå?»

Vi går ganske langt, faktisk, i norsk kultur. Berre frå 2001 til 2005 vart 30 norske kvinner drepne av sin eigen partner. I nær 40 prosent av alle drap i Noreg frå 1995 til 2004 var det ein nær relasjon mellom offer og gjerningsmann. Ordet gjerningsmann er her ikkje tilfeldig.

– Også etnisk norske menn dreper for å gjenopprette æren sin, fastslår professor i psykiatri ved Universitetet i Bergen, Gustav Wik (Klassekampen, 19.12.05). Forskaren finn klare parallellar mellom det vi i Noreg kallar «familietragediar» og dei såkalla æresdrapa. Mange norske konedrap skjer når kvinna tar initiativ til å bryta ut. I eit fleirtal av tilfella er det snakk om planlagde drapshandlingar. Er det denne delen av norsk (manns)kultur TV 2 ber om at «innvandrere tilpasser seg»?

Når politiet og journalistar kallar dette «familietragediar», seier dei at tragedien også har råka drapsmannen. Samtidig løftar ordet alt ansvar vekk frå norsk mannskultur. Våre norske drap skjer «i familien». Pakistanske drap skjer «i islamsk kultur». Som dei mest fanatiske her i Nato ville uttrykt det: Nokre gonger er vestlege konedrap best. Ja, det finst skilnader på konedrap i norsk kultur og familiedrap i pakistansk kultur. Men når skal den stolte nordmann få auge på likskapane? Inngår det ikkje i vestleg kultur når ein Grimstad-mann slepp fengsel for å ha slått kona si helselaus, fordi firmaet hans «vil bli skadelidende» om han hamnar bak lås og slå? (Agderposten, 9.12.05.)

Kvar er Oddvar Stenstrøms harmdirrande peikefinger når norske kvinner blir kvelte, skotne og øksa i hel av sine norske ektemenn? Når vi no krev at imamane skal gå mot kvinneundertrykking i kvar ei fredagsbønn, kvifor krev vi ikkje det same av seremonimeister for det norske fredagsritualet, Fredrik Skavlan? Om regjeringa ikkje blir like hard mot valden i norsk mannskultur som mot valden i den pakistanske, ligg det ikkje då eit drag av sjølvgod rasisme over andletet til Bjarne Håkon Hanssen?

http://www.dagsavisen.no/debatt/article2333294.ece